Pay Back Money er no klar for start i montéløp. Han gjekk prøveløp saman med Overlover og O'beron. Eg skulle liggja i rygg i prøveløpet og merka raskt at dei to andre var interessert i å koma til tet, så eg tok opp direkte. Farten fyrste 500 meterane varierte frå 1.19 til 1.26, men passeringstida var på om lag 1.22. Då gjekk O'beron fram i tet og auka tempoet til 1.19 første 1000. Han haldt fram å auka resten av løpet og, så eg haldt meg bak Overlover til siste langsida. Ned siste langsida gjekk det veldig fort, men i siste svingen falt han litt innover slik at me mista ein del fart og eg måtte retta han opp for å ikkje ri på hesten på innsida. Han la av farten like før mål, men eg ville ikkje masa på han sidan det hadde gått i veldig variabel fart heile prøveløpet. Meininga var ikkje å ri så fort, men då dei andre hestane haldt det tempoet ville han vera med. Til slutt kom han i mål på 1.19,1 og det synest eg er veldig bra til å vera fyrste hurtigarbeid under sal. Eg gler meg til den dagen eg får ri han i løp.
Her er nokre bilete Rune Eikeland tok av oss:
torsdag 15. mars 2012
mandag 12. mars 2012
Easterboy K.K. i løp på Forus
I tillegg til prøveløpet eg skal ri på Pay Back Money i morgon skal eg ri Easterboy K.K. i eitt montéløp. Det er eit volteløp over 2040 meter. Denne gongen står han på strek, noko som er ein fordel sidan me no står likt med Emil Wibb i staden for at me må henta tillegg på han. Etter han starta monté sist har han vore ute i eitt sulkyløp som ikkje gjekk så bra. Dermed valgte eigaren å venta på dette montéløpet. Eg har ridd to hurtigarbeid på han sidan sist og han har vist framgang for kvar gong. Siste gongen eg rei han var han veldig fin i travet og gjekk i tømmane heile vegen. Eigaren ringte meg på lørdag etter han hadde køyrt det siste hurtigarbeidet med Easterboy. Han var veldig nøgd med hurtigarbeidet, så då får me håpa han har gått fram sidan forrige løp og kanskje klarar å vera med å kjempa om den siste trippelplassen, eller i det minste om ein fin premie.
Motstanden:
1. Earlina: Montédebutant. Gjekk prøveløp saman med Easterboy K.K. og gjekk 1.20,9 då. Eg vart ikkje veldig imponert over ho i prøveløpet, og eg trur ho må vera forbetra for å kjempa i toppen her.
3. Emil Wibb: Har gjort alt riktig i sine to fyrste montéstartar. Kristine var skeptisk til sporet og frykta galopp, men eg synest han har sett stabil ut i dei to fyrste startane og reknar med han er vinnaren.
4. Zenitzia: Gjekk godt på ei lokalkøyring og fulgte opp med ein fin 3. plass på 1.17,8 i debutløpet sitt under sal. Ho kan nok kjempa om ein ny trippelplassering i dette selskapet.
5. Tibs Battle: Står litt dumt til då han vippa over på 20 meter tillegg med 700 kroner. Har ikkje starta monté sidan 20. mars i fjor, så kanskje lysta er tilbake når han kjem ut under sal igjen? Han har ikkje vist det store før, og må vera forbetra for å få premie her.
6. Chambermaid: Gjekk prøveløp på 1.21,8 og har starta fire montéløp etter det. Tre av løpa har enda med distansert, brutt og diska for galopp. I det siste montéløpet enda ho uplassert på 1.22,4 med galopp. Ho er opp og ned i prestasjonane i travløp og må nok visa betre i monté om ho skal vera med framme her. Det meste Malin rir for tida er i toppen, så ho skal nok uansett ikkje avskrivast heilt.
7. Yankee Splinter: Debuterer under sal. Også han gjekk prøveløp då Easterboy vart godkjent og imponerte meg då. Han gjekk 1.18,9 og gjekk godt til mål for Lise. Eg trur kanskje han kan vera med å gje Emil Wibb kamp til slutt om han har kontakt til slutt.
8. Callistoga: Gjekk prøveløp på 1.20,4 og debuterer under sal her. Har ikkje vist det store i sulkyløp i det siste, men kanskje moralen er betre i monté? Kjemper nok i fyrste omgang om ein premie i debutløpet.
9. Sophie's Royal Ride: Strøket.

| Montéløp Varmblods. 4-12-årige høyest 350.000 kr. 2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 140.000 kr. Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr. |
|
| Varmblods Volte | |
| Dist. | Nr | Hestens navn | Kusk | Inntjent | Volt | Auto |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 2040 | 1 | Earlina | Linda Bø | 100.277 | 1.16,9v | 1.15,4a |
| 2040 | 2 | Easterboy K.K. | Charlotte Steine | 139.750 | 1.17,9v | 1.16,8a |
| 2040 | 3 | Emil Wibb | Kristine Kvasnes | 37.500 | 1.17,2v | 1.19,1a |
| 2040 | 4 | Zenitzia | Anette Selliken | 65.000 | 1.17,5v | 1.16,7a |
| 2060 | 5 | Tibs Battle | Ronja Good Djøseland | 140.700 | 1.16,5v | 1.14,5a |
| 2060 | 6 | Chambermaid | Malin Berås | 196.500 | 1.17,3v | 1.15,4a |
| 2060 | 7 | Yankee Splinter | Lise Hjetland | 244.939 | 1.17,2v | 1.12,0a |
| 2060 | 8 | Callistoga | Siw Helen Bø | 174.245 | 1.17,4v | 1.13,6a |
| 2060 | 9 | Sophie's Royal Ride | Gunn Elisabeth Vigane | 164.000 | 1.17,6v | 1.16,6a |
Prøveløp med Pay Back Money
I morgon skal eg endeleg få testa Pay Back Money under sal i eitt montéprøveløp på Forus. Sambuaren min, Stian, og kompisen hans, Roald, kjøpte Pay Back i fjor og han kom til stallen på bursdagen min 20. august. Eg har ridd litt på han i trening, men det er mest skritteturar eller roleg jogg. Éin gong har eg ridd han på Forus, då rei eg berre i roleg tempo feil veg og testa han litt ned ei langside. Han kjentes veldig fin ut då, så eg håpar han er like fin i prøveløpet.
Eg trur Pay Back eignar seg til monté fordi han er stor og alltid går til mål. Det vert utruleg spennande å sjå om han forstår at han skal springa i prøveløpet. Han er ein hest eg verkeleg gler meg til å prøva.
Eitt bilete av Pay Back det fyrste løpet eg kjørte han. Det enda med siger. Foto: Rune Eikeland.

| Monté Prøveløp Alle. 2040 m. Voltestart. | |
| ALLE Volte | |
| Dist. | Nr | Hestens navn | Kusk | Inntjent | Volt | Auto |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 2040 | 1 | O'beron | Sally Merete Hansen | 84.114 | 1.17,4v | 1.15,4a |
| 2040 | 2 | Pay Back Money | Charlotte Steine | 131.058 | 1.17,4v | 1.15,7a |
| 2040 | 3 | Overlover | Kristine Kvasnes | 225.769 | 1.16,8v | 1.14,2a |
Eitt bilete av Pay Back det fyrste løpet eg kjørte han. Det enda med siger. Foto: Rune Eikeland.
søndag 4. mars 2012
6. plass på Sylv Spika
Eg rei Sylv Spika i eit løp på Forus på tysdag. Eigaren sa ho kunne galoppera på startsida, så eg tok det rolig frå start. Eg trefte perfekt i fyrste forsøket, men det vart omstart så eg fekk ein litt dårlegare start i det gyldige forsøket. Me hadde førstespor på vårt tillegg og vart dermed liggjande i fyrstespor. Ved seremoniplass tok ho verkeleg taket i det og trava i 1.24-fart i første svingen, og fekk bråstopp då me kom opp i ryggen til Kjølstad Jo To. Ho var hissig så eg hadde lyst å ri ut i andrespor, men då kom konkurrentane bakfrå slik at eg ikkje fekk nok plass til å koma ut.
Nedover fyrste langsida rei eg i 1.25-tempo på klokka mi. Me kom oss ikkje ut i andrespor før i nest siste svingen. Nedover siste bortre langsida trøbla ho med travet. Ho verka trøytt og sleit meir og meir, så midt på langsida kom galoppen. Dermed måtte eg ta ho heilt ned i tempo før eg kunne ri igjen. Eg drog ned skylappane på ho og det hjelpte, så ho leverte eit fint oppløp. Det haldt ikkje til å bli betre enn 6. plass på tida 1.31,2, men premie i debuten på ein hest som nesten ikkje er ridetrent må vera bra. Ho hadde nok kanskje hatt fordel av litt meir testing under sal før løpet, og eg trur ho kan verta ein fin montéhest med litt trening. Eigaren lovde å prøva ho i monté igjen, så då får ho i alle fall ein ny sjanse.
To bilete av Sylv Spika, foto: Rune Eikeland:

lørdag 25. februar 2012
Fyrste kaldblodsløp for året
Eg har ikkje ridd kaldblodsløp sidan eg rei Fodnes Grane i Bergen i november, så det skal verta godt å bryna seg på ein kaldblodsrygg att. Denne gongen er det montédebutanten Sylv Spika eg skal ri. Ho gjekk prøveløp med Kristine Kvasnes på ryggen 20. september. Då trava ho 1.30,5. Sylv Spika er ein veldig spennande hest synest eg. Ho såg fin ut i prøveløpet og har hatt veldig god form etterpå. Rekorden hennar på volte er 1.26,0 over mellomdistanse og ho har tent 481.000 kroner, det meste har ho tent saman med eigaren sin Tormod Gudmestad. I sitt siste sulkyløp galopperte ho frå start og enda uplassert. På 62 startar har ho tent pengar i alle utanom ni løp. Ho har vunne to gongar, fått 11 andreplassar, 13 tredjeplassar og 29 øvrige premiar. Eg ser verkeleg fram til å få ri Sylv Spika og håper eg klarar å ri ho feilfritt. I så fall håper eg me får med oss ein fin premie til slutt.
Det er fleire gode montéhestar i feltet, og mange av dei har fin form. Dersom strekhestane held seg på beina og held tempoet oppe vert det vanskelegare for hestane bak. Mange kan vera med i trippelkampen her. Fleire av hestane har god kapasitet, men mange av dei galopperer mykje. Det vert spennande å sjå korleis løpet vert. Det er i alle fall svært gledeleg at det endeleg er fleire hestar i løpet enn det har vore på kaldblodssida på Forus dei siste månadane.
Motstanden:
1. Modina: Debuterer under sal. Gjekk 1.42,1 i prøveløpet på ein veldig tung bane, går nok mykje fortare. Er jamn og flink i travløp, men jaktar nok ein premie fyrste gong ut.
2. Samina Ø.K.: Kapabel montéhest som galopperer mykje. Ho er god når ho held seg i riktig gangart og skal reknast med vinnarsjanse om ho travar heile vegen, sjølv om ho ikkje har vist noko særleg form i sulky den siste tida.
3. Troll Spika: Viste i montédebuten at ho er ein ekstremt god montéhest etter å ha runda feltet tre gongar etter fleire galoppar. Ny rytter på ryggen denne gongen. Vanskeleg hoppe, men kjempar om sigeren feilfritt.
4. Doktor Jaros: Ein montédebutant som gjekk prøveløp på 1.35,6. Har gått gode sulkyløp den siste tida og vert spennande å sjå i løp. Rytteren fortalte at han var tråkk då han gjekk åleine i prøveløpet, men eg reknar med han tek meir i når han får hestar rundt seg. Usikker på kor god han faktisk er, men kjemper kanskje om ein trippelplassering fyrste gong ut.
6 Gil Rau Jo: Går alltid gode montéløp. Tek turen frå Bergen for å starta. Gjekk eit hardt løp sist han starta, og haldt imponerande til 4.plass då. Med eit litt rolegare løpsopplegg kjemper han langt framme.
7. Kjølstad Jo To: Har ikkje starta montéløp sidan 22. september i fjor, og har bytta eigar etter det. Såg veldig fin ut i eit montéprøveløp der eigaren skulle godkjenna seg sjølv. Har ikkje vist det store under sal i løpa så langt, så han er vel kanskje ein premiekandidat her.
8. Moi Elden: Har gått nokre gode montéløp, men har òg galoppert ein del. Dersom han held seg på beina er han god nok til å kjempa i toppen. Rytteren kjenner han godt frå trening, så eg reknar med ho har taket på han.
9. Spyden: Har ein ekstrem form for tida. Gjekk godt for Kristine i Bergen, og har beste rytteren i feltet, og det er nok til at han skal reknast som aktuell vinnar. Med formen han er i no vert eg ikkje overraska om han står øvst på pallen etter løpet.
10. Høgda Svarten: Har ikkje levert toppinnsatsar dei siste montéløpa han har starta, men han har vist at han er god nok. Lise rir godt og dei skal i alle fall reknast i trippelkampen.
11. Gilborken: Tek turen frå Bergen. Han er jamn og flink og går alltid gode løp. Han går i alle fall 1.27 på distansen, med tilsvarande innsatsar som han har hatt tidlegare kan han kjempa om trippelplassane.
To bilete av Sylv Spika i prøveløpet saman med Kristine:

| Montéløp Kaldblods. 5-15-årige. 2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 150.000 kr., 40 m ved 300.000 kr., 60 m ved 500.000 kr. Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr. |
|
| Kaldblods N/SV Volte | V5-2 |
| Dist. | Nr | Hestens navn | Kusk | Inntjent | Volt | Auto |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 2040 | 1 | Modina | Anette Selliken | 90.500 | 1.29,9v | |
| 2040 | 2 | Samina Ø.K. | Ronja Good Djøseland | 136.000 | 1.28,4v | 1.30,9a |
| 2060 | 3 | Troll Spika | Brit Lea | 157.000 | 1.26,2v | 1.29,8a |
| 2060 | 4 | Doktor Jaros | Anne-Marie Mattingsdal | 178.000 | 1.28,3v | 1.28,4a |
| 2080 | 5 | Sylv Spika | Charlotte Steine | 481.000 | 1.26,0v | 1.25,2a |
| 2080 | 6 | Gil Rau Jo | Evy Katrin Teigen | 331.700 | 1.27,2v | 1.27,2a |
| 2080 | 7 | Kjølstad Jo To | Monica Refsland | 393.500 | 1.26,9v | 1.24,3a |
| 2100 | 8 | Moi Elden | Katrine Olsen Wågenes | 1.483.925 | 1.22,9v | 1.21,1a |
| 2100 | 9 | Spyden | Kristine Kvasnes | 705.500 | 1.24,9v | 1.25,3a |
| 2100 | 10 | Høgda Svarten | Lise Hjetland | 884.872 | 1.24,6v | 1.24,1a |
| 2100 | 11 | Gilborken | Victoria Steine | 776.000 | 1.25,5v | 1.23,8a |
To bilete av Sylv Spika i prøveløpet saman med Kristine:
onsdag 8. februar 2012
5.plass i årets fyrste løp
Eg var ute i mitt fyrste montéløp 31. januar. Då sat eg på ryggen til Easterboy K.K. Han hadde hatt nesten fire års løpspause så eg rei utan ambisjonar. Han kom seint til banen, så me fekk ei sein varming og gjorde den roleg slik at han skulle ha tid til å henta seg inn att. Frå start gjekk han fint. Me prøvde med draskylappar i løpet for at eg skulle klara å justera han undervegs i løpet.
I fyrste svingen fekk han mange ekstra bein å gå på og travet gjekk i alle retningar. Heldigvis klarte eg å hjelpa han rundt svingen. Han bryt litt utover på langsidene og innover på svingane. Så inn på andre svingen drog eg ned den innerste skylappen for å retta han opp litt og fokusera han. Eg prøvde å ri i fyrstespor slik at me hadde hest på utsida i håp om at det skulle skjerpa han. Den ytre skylappen drog eg ned på langsida for at han skulle halda seg i sitt spor. På siste langsida gjekk ein av konkurrentane trongt inn på oss, slik at me fekk ein stopp. Dermed måtte eg dra han ut og gå rundt konkurrenten. For å få farten på han tok eg opp skylappen på utsida og drog han ned att og det fungerte. Han gjekk heilt inn i mål, men etter stoppen på siste langsida fekk me for langt fram. Til slutt fekk me 5. plass på tida 1.18,4.
Eigaren var svært nøgd med 2500 kroner og premie i fyrste starten etter lang løpspause. Eg synest han skal få godkjent i dette løpet sidan han har vore lenge utan løpstrening. Han er nok litt bortskjemt og gjer litt som han vil, men han var betre i løpet enn i prøveløpet så eg trur han kjem til å verta ein fin montéhest når han får nokre løp i kroppen.
Nokre bilete frå løpet tekne av Rune Eikeland:
Me var nøgde med premie i montédebuten etter mange års løpspause.

Easterboy K.K. i tredje innvendig.
søndag 29. januar 2012
Løpsutstyret mitt
Det fyrste eg legg på er sjabraken. Ein Formiga Air montésjabrak. Produsenten seier at sjabraken:
- Ledar vekk varme. Det fører til at sjabraken tørkar fortare.
- Materialet absorberer bra, opp til 300 % av eiga vekt. Hesten held seg tørrare og skadeeffekten frå fukt vert minimert.
- Materialet trykkutliknar. Sjølv om materialet er tynt kan ein ikkje trykkja saman sjabraken utan at trykket vert fordelt jamnt på ryggen.
- Innebygd kullfilter som hindrar sopp og mugg. Sjabraken er lettstelt og tørkar fort etter vask.
- Sjabraken ligg heilt stille og medverkar til betre prestasjonar.
Sjabraken er dyr, prisen er 1293 kroner, men eg synest den er verdt det. Eg er i alle fall nøgd med min, så eg har kjøpt ein til og har to no. Sjabraken finst berre i svart med grå/kvit kant. Eg ville helst hatt den i blå/kvit/svart, men sidan den vert liggjande under nummerdekkenet spelar det ikkje så stor rolle.
Sjabraken kan du kan kjøpa hjå Hestens beste .
Gjorden eg brukar er og Formiga Air-materialet. Gjorden har strikk i begge endar, så eg strammar litt på kvar side når eg strammar salen. Eg festar halereima på vanleg måte, den gløymde eg å ta bilete av, men det er ein Zilco halereim som følgde med då eg kjøpte salen. Gjorden ligg på vanleg plass og har to fester i salen.
Salane kan kjøpast på Dyresport.no. Komplett pakke 1,6 kg kostar 4175 kroner. Om du berre skal ha salen utan tilbehøret kostar han 3198 kroner. 700g-salenkostar 2548 kroner utan tilbehør.
Gjorden kan kjøpast hjå Hestens beste. Gjorden kostar rundt 700 kroner.
Gjorden strammar eg litt og litt på begge sider.
Du kan kjøpa bryst i dei fargane du vil. Når eg rir løp bruker eg eit med namnet mitt på. Eg har tre ulike typar med namnet mitt på og mange andre i ulike kombinasjonar med blå. Brystet får du kjøpt hos Dyresport.no.
Når eg legg på ekstragjorden legg eg den over begge gjordreimane på begge sider. Dette gjer at eg får eit lag mellom spennene og foten min, dermed får eg mindre vondt av spennene.
Slik ser det ut:
Ekstragjorden trekk eg gjennom dei to stroppene på salen, plasserer utenpå begge spennene på gjorden og legg han midt på gjorden under magen slik at han ikkje ligg direkte på hesten og lagar gnag.
Stigbøylane mine har eg under salkappa. I byrjinga hadde eg ein reim over salkappa og ein under, men eg fekk blåmerker og vondt av det, så no har eg begge reimane under og er komfortabel med det.
Stigbøylane mine er aluminium galoppstigbøylar som er 12 cm breie. Eg måtte kjøpa nye då eg kjøpte nye sko som var breiare over tåa. Eg likar dei små galoppstigbøylane med svart beskyttelse betre, men dei er for små for dei nye skoa mine. Når eg rir med gummistøvlane mine brukar eg dei minste stigbøylane.
Slik ser det ut når alt utstyret er sett på.
Eg har gått over til Wahlsten sine montétøylar. Det er den korte modellen. Tøylane eg har ridd med før var lenger totalt, og det var lenger frå bittfestet til første løkka. Eg opplevde at dei lange tøylane hekta seg innpå foten min i varming/løp, og det likte eg ikkje. Denne korte modellen er mykje tryggare. Dei er litt ubehagelege i skritt om du har ein hest som dreg ned hovudet, men i jogg/trav er dei betre enn dei andre eg har prøvd synest eg. No har eg ridd to prøveløp med dei og er så langt nøgd. Dei finst i både svart og brun. Tøylane er dyrare enn andre, men eg meiner dei er verdt det. Lærtøylar i skikkeleg kvalitet og tryggare. Sikkerheita fyrst.
Du kan kjøpa dei hjå Dyresport.no.
No kjøper eg alt utstyret mitt hjå Dyresport.no (med unntak av sjabraken og gjorden eg brukar). Rett og slett fordi dei skaffar alt eg vil ha og er billegaste leverandøren. Dei har god service og leverer varene.
Rideutstyret mitt har eg ikkje teke bilete av, men eg brukar lærridestøvlar frå Mountain horse. Kvite ridebukser av typen TKO. Om sommaren brukar eg sommarbuksa, regnbuksa når det regnar og vinterbuksa når det er kaldt. Om vinteren rir eg med ullundertøy. Eg brukar TKO sine sommarhanskar. I briller brukar eg litt ulike typar, men for tida brukar eg briller med strikk på. Hjelmen min er ein lakkert versjon frå Mira.
Eg trur eg har vore gjennom alt no. Eg er nøgd med rideutstyret mitt og kan absolutt anbefala det vidare.
onsdag 25. januar 2012
Årets fyrste montéløp
På tysdag skal eg ut i mitt fyrste montéløp for året. Det vert på montédebutanten Easterboy K.K. som eg godkjente 14. januar i år. I prøveløpet trava han 1.20,0 enkelt med proppane i, men han var litt skeiv på svingane og skjente litt utover i banen. Kanskje han går betre saman med hestar. Me har 20 meter tillegg, og han står fint på tillegget grunnlagsmessig, men det er gode hestar både framføre og bak. Om han klarer ein premie i debutløpet må me vera nøgde. Det er heile fem debutantar i feltet på åtte hestar så det er vanskeleg å plukka vinnaren. Eg trur Zenitzia kan gå sigrande ut av dette løpet, men om ho rotar seg bort er det veldig ope.
Motstanden:
1. Emil Wibb: Har berre prøveløp bak seg. Då gjekk han 1.21,4 med galopp. Kristine rei han i prøveløpet og valgte å ri han i løpet. Då eg snakka med ho i går verka det som ho hadde litt tru på han. Har lågt grunnlag og har nesten galoppert i alle sulkystartane sine. Sannsynlegvis ein hest som har fordel av å stå framme. Det vert spennande å sjå kor god han er.
2. Zenitzia: Gjekk prøveløp på 1.20,9 åleine. Ho gjekk ei lokalkøyring på Forus i september i fjor og leverte eit svett løp frå strek. Ho opna fort og sprang fortare og fortare, og det resulterte i ein flott siger. Anette eig hoppa, trenar og rir løpet så ho kjenner ho godt. Eg trur fort dette kan vera vinnaren, sjølv om det er debuten.
3. Ciba: Ein hest eg ikkje kjenner til. Kjem nok som reisefølgje for stallvenninna Lykkeflicka. Ho har berre prøveløp bak seg. Då trava ho 1.23,2 med Siv Emilie Løvvold på ryggen. Eg er veldig usikker på kva denne kan og ho er svært vanskeleg å vurdera. Gjekk eit dårleg sulkyløp på Bjerke onsdag og stoppa veldig på sprint då, så er vel kanskje ein premiekandidat i fyrste omgang.
5: Yunin Boko: Har tre montéløp bak seg, men har ikkje overbevist. Det beste resultatet er ein 5. plass, og eg trur han må vera nøgd med premie i dette selskapet sjølv om han var forbetra i sin siste sulkystart.
6. Super Harald: Ein spennande montédebutant. Han trava 1.22,9 med galopp i prøveløpet, men eg trur han kan betre enn det. Om han held seg i trav og liker å gå under sal kan han fort blanda seg inn i trippelkampen. Lise er god å ri og kan gje hesten eit fint løp, og om det løyser seg kan han kanskje til og med vinna i debuten.
7. Kings Centaurus: Han har ikkje vore heilt på topp i sine siste startar, men har gått mot mykje tøffare motstand. Her står han 60 meter bak Zenitzia og om den held seg til trav trur eg Centaurus får problemar med å henta inn tilleggget. Han er i rett lag her og bør vera på trippelen.
8. Ronald Star: Har gått tre løp no. Eg rei han i det fyrste løpet. Då var han vanskeleg i volten og vanskeleg å få opp farten på, men han leverte ei fin varming. Han har ikkje overbevist i monté endå, og hadde nok hatt fordel av autostart. Om han ikkje er blitt betre i volten er eg redd han taper for mykje. Han må ha gått fram med dei to montéløpa han har gåttt for å hevda seg her.
Foto: Rune Eikeland

| Montéløp Varmblods. 4-12-årige. 2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 80.000 kr., 40 m ved 150.000 kr., 60 m ved 350.000 kr. Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr. |
|
| Varmblods Volte | |
| Dist. | Nr | Hestens navn | Kusk | Inntjent | Volt | Auto |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 2040 | 1 | Emil Wibb | Kristine Kvasnes | 9.500 | 1.18,7v | 1.19,1a |
| 2040 | 2 | Zenitzia | Anette Selliken | 61.000 | 1.17,5v | 1.16,7a |
| 2060 | 3 | Ciba | Katrine Olsen Wågenes | 106.500 | 1.17,3v | 1.15,4a |
| 2060 | 4 | Easterboy K.K. | Charlotte Steine | 137.250 | 1.17,9v | 1.16,8a |
| 2060 | 5 | Yunin Boko | Gunn Elisabeth Vigane | 150.147 | 1.17,2v | 1.14,4a |
| 2080 | 6 | Super Harald | Lise Hjetland | 333.600 | 1.16,5v | 1.13,0a |
| 2100 | 7 | Kings Centaurus | Kari Anne Knutsen | 634.893 | 1.15,5v | 1.13,3a |
| 2100 | 8 | Ronald Star | Brit Lea | 1.097.670 | 1.14,2v | 1.12,8a |
Foto: Rune Eikeland
søndag 22. januar 2012
Nytt design
No har eg oppdatert bloggen min med nytt design og ny header. Eg har brukt blånyansar slik at det skal stå i stil til drakta mi. Sidan eg ikkje har ridd løp med den nye drakta endå har eg brukt bilete med den gamle.
I headeren har eg brukt bilete frå fleire ulike fotografar. Oppe til venstre er eit bilete av Lillruben. Det er teke av Rune Eikeland og er teke i prøvestarten til sigersløpet vårt. Nede til venstre er eit bilete av Rousseau Detain som Eirik Blindheim tok i Bergen. Biletet er frå det fyrste sigersløpet vårt saman. Biletet midt på er frå min andre siger med Rei Spika. Fotograf på det er Åge Liland. Til høgre har eg eit bilete av meg på ryggen til C.C. Lina som Kristin Stokkedal har teke. Rousseau Detain er den beste hesten eg har ridd. Rei Spika er hesten eg vann mitt fyrste løp i karrieren med, så ho har ein spesiell plass i hjarta mitt. Lillruben er ein krigar som eg synest det er stort å få ri. C.C. Lina har gjort fleire overraskande gode løp med meg på ryggen. Headeren har eg laga sjølv i Photoshop.
I år har eg planar om å oppdatera før løpa eg rir og resultatar etterpå slik som før. Tidlegare har eg ikkje skrive om løpa eg køyrer, men det vil eg gjera i år og sidan eg køyrer nokre ungdomsløp og dameløp. Så då vert det nok litt meir aktivitet her i løpet av året. Bloggen min er berre knytt til min karriere i løpsbanen og det vil eg at han skal halda fram med.

søndag 15. januar 2012
Easterboy K.K. godkjent
I går rei eg prøveløp på Easterboy K.K. Det var fyrste gong eg brukte den nye drakta som er sponsa av dyresport.no. På førehand hadde eg ikkje heilt tru på denne, sidan han ikkje hadde starta sidan mai 2008. Då eg kom til Forus møtte eg eigaren. Han var ein hyggeleg og svært tolmodig mann. For han kunne fortelja at hesten ikkje hadde vore skada, men at han hadde bruka tida på å trena og at hesten hadde gått på beite om sommarane. I varminga rei eg fire rundar. På sisterunden lot eg han strekkja på beina litt for å kjenna korleis han var. Då trava han veldig fint i god fart rundt ein sving, men han brøyt litt innover.
Eg fekk tips om å ta det litt roleg frå start, fordi han kunne verta gira og galoppera, dermed gjorde eg det. Me opna veldig rolig. Kristine ville ikkje ri i tet, så eg rei fram og overtok føringa. Første 500 meterane opna me på rolige 1.24,4. Då hadde eg fått gang på han og han tok avgarde i 1.16-fart den neste 500 meteren, slik at 1000 meterspasseringa vart 1.20,4. Siste runden gjekk han i jamnt tempo. I nest siste svingen og på langsida brøyt han litt utover, så eg konsentrerte meg berre om å halda han i førstespor og at han skulle få godkjent. Han haldt farten fint inn i mål, og eg hadde ikkje behov for å fra ut proppane frå øyrene hans. Dette var ein fin hest. Han har lågt grunnlag, men om han viser framgang med litt meir rutine under sal så trur eg dette er ein fin montéhest. Tida hans vart 1.20,0 til slutt.
Nokre bilete teke av Rune Eikeland:

Abonner på:
Innlegg (Atom)